fredag 31. juli 2009

Shark cage diving:)





Søndag, 26 juli, reiste eg (Ragnhild) Katie og Caitlin på ”shark diving” til Dyer Island, som ligger på Sør Afrikas austkyst. Ein buss lasta med 18 amrikanarar kom og henta oss kl 10 på søndags morgon. Turen til hai området tok ca 2 timar. Fin tur, men som einaste europear og einaste over 20 år, må eg tilstå at turen va litt lang!

Når vi kom fram fekk vi litt mat, før me vart plassert i båten som skulle ta oss ut til øya der haien held til. Området rundt Dyer Island er heimen til omkring 50 000 sel. Dette og det varme vatnet i området er grunnen til at kvithaien tar turen dit.

Katie fekk tilfeldigvis spørsmål frå dei som jobba der om det var tre personar som kunne tenke seg å gå i ein anna båt. Det takka vi tre fort ja til!:) Me vart dermed plassert i ein båt med litt meir modne europearar og Sør Afrikanarar.

Me hadde sol heile dagen, men det blåste ganske kraftig, så det tok ikkje lang tid før folk vart dårleg om bord. Eg klarte meg fint, men dei to andre måtte bøye seg over rekka fleire gangar. Hihi.

Me vart einege om at vi ville vera dei første som gjekk i buret. Så med ein gang me kom ombord måtte me ta på oss våtdrakter slik me va klare. Dei måtte me sitte med i 2tima får me såg hai og kunne gå i buret!!!!!!!!!

Men ventinga var verdt da:) Å sjå ein kvithai på 5 meter komma rett mot deg og snu seg så seint ha halen hans slår i buret var ein SJUK oppleving. Adrenalinsjokk til tusen. Medan me var i sjøen var det 4 haiar som sirkla rundt båten vår. Me fekk vera nede i ca 20 min før det var neste gruppe sin tur.

Me kom tilbake til land i 5 tia. Der fekk me litt mat, før me heiv oss i bussen tilbake til Cape Town. Det var ein heit fantastisk dag og eg kan anbefale andre å ta den same turen!

2 kommentarer:

  1. ååå.. So kjekt! Høres ut som at dagane dine e litt meir spennande enn mine e for tida :P

    SvarSlett
  2. Ååå, jeg har gjort akkurat det samme! Så gøy du har det! Fare for at jeg hopper på neste fly til S-A... :)

    SvarSlett