søndag 13. september 2009

All the shingle ladies, all the shingle ladies, all the shingle ladies…


Ei veke før me reiste til Namibia fekk eg eit rart blemme - utslett langs halsen. Sia eg litt seinare fann ein edderkopp (ein kvit jævlig ekkel ein) i senga mi, trudde eg først da va edderkoppbitt. Men når det begynte å voksa bestemte eg meg for å gå til legen (mamma sa eg måtte). Legen kunne fortelja meg at eg hadde fått helvetesild (shingles).

For dåke som ikkje veit kan drite e, skal eg no fortelja: Helvetesild får ein som oftast i brystkasseregionen, men nokon kan også få det i halsregionen og ansiktet(takk og lov at eg ikkje fekk da der!). Det ramma ca. 10-20% av befolkninga, sjeldan unge(typisk at eg får det da). Når ein har hatt vannkoppa transporterast viruset langs nerven og slår seg ned i nerveknutar som ligger nær ryggmargen. Her ligger viruset i årevis, utan å gje nokon symptom. Når ein blir ”eldre”, kan viruset plutselig begynne å formera seg og vandrar langs nerven ut mot huden igjen. Dette starta ein kraftig betennelse som gir smerter (spess. i lymfeknutane) og utslett. I og med at betennelsen er tilknytta ein bestemt nerve så held utslette seg på ei sia av kroppen (det einaste kult med da!).

Legen trur eg har fått da på grunn av eit svekket immunforsvar og for mykje stress. Så skal ta da litt rolegare på skulen no.

Klarte meg fint i Namibia med ”ilden” på nakken, men dei første dagane va tøffe. Skal til legesjekk i måro, men føle meg heilt fin no:)

Har med eit bilde frå før eg gjekk til legen, da var 10 ganga verre! men det vil eg ikkje visa...

Ps. Dette er grunnen til at eg går meg sjal på alle bilda frå Namibia!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar