Etter tidenes skippertak på den akademiske fronten, gjekk ei endelaus torsdagsnatt over til fredagsmorgon. Trass sporadisk pakking, hektisk nistesmøring og ein vill tur innom UCT for å levera oppgåver, møtte me tidsnok på perrongen og var klare for ein 20timars busstur til Windhoek!
Time etter time passerte medan nokon sov og andre fekk med seg landskapet som gradvis blei tørrare og tørrare – og mørkare og mørkare. Grytidleg dagen etter var me framme i hovudstaden. Me blei straks teken hand om av namibisk venlegheit da to kjekke karar tilbydde seg å kjøra oss til hostellet vårt, the Cardboard Box. Me sat å duppa i resepsjonen til me fekk sjekka inn og dagen kunne byrja.Etter å ha tuslarundt i den døvaste
byen me har opplevd på ein laurdag, både dag og kveld, endra me planen og sette kurs mot kysten allereie morgonen etter. Fire dagar med strand og effektiv soling i Swakopmund freista meir. Uheldigvis vart denne late planen blåst vekk, og håpet om solbrune magar var allereie tildekka av grå skyer. Me fekk da tida til å gå likevel. Medan me venta på Kristina, som like gjerne tok ein tur heimom Noreg, gjorde resten av oss luftige svev over ørkenen eine dagen, Kristine og Solveig råkøyrde med 4x4hjuling og sandboard ned sanddynene, medan Ragnhild og Nika sloss mot vinden på sykkel ein anna dag.
Jada, med luftige svev meinare eg fallskjermhopp. 10 000 fot, halvparten fritt fall - fantastisk artig! Pris er urelevant for eit slikt ubeskriveleg kick, diggedy, diggedy, digg! Me fauk opp i eit lite fly med herlig oversikt over Swakopmund, sanddyner og Atlanterhavet. Temperaturen steig i takt med høgda over havet. Himmelen var blå, bakken var beige, døra vart opna. Solveig er først til å åma seg ut – vekk! Nika – vekk! Ragnhild som var sist blir sittande å blafra i luka for så å bli velta ut når flyet svingar – vekk!
På bakken venta Kristine med kamera klar. Ho var fast bestemt på at dette ikkje var noko for henne. Men etter å ha teke i mot tre forblåste glis var ho ikkje treig med å komme seg i dressen sjølv :) Ein anna overrasking då me kom dalande frå himmelen var Michigan og gjengen (også internasjonale studentar ved UCT) som sat å venta på tur, langt der ute i ørkenland. Dette feira me med øl og biljard på kvelden, nett som onsdagane på Stones heime i Cape Town.
Jada, med luftige svev meinare eg fallskjermhopp. 10 000 fot, halvparten fritt fall - fantastisk artig! Pris er urelevant for eit slikt ubeskriveleg kick, diggedy, diggedy, digg! Me fauk opp i eit lite fly med herlig oversikt over Swakopmund, sanddyner og Atlanterhavet. Temperaturen steig i takt med høgda over havet. Himmelen var blå, bakken var beige, døra vart opna. Solveig er først til å åma seg ut – vekk! Nika – vekk! Ragnhild som var sist blir sittande å blafra i luka for så å bli velta ut når flyet svingar – vekk!
Tysdag kveld kom Kristina. Me gjekk ut for å eta ein betre middag, og prøvde å ’break the news’ om kva me hadde gjort dei siste dagane så mildt me kunne… Eg hadde vert enda meir bitter enn deg, Kristina. Denne kvelden fekk me òg leigebilen vår. Me hadde fiksa ein billig avtale med Sylvester, ein kjenning av vår særs hjelpsame venn på førre hostel. Bilen såg overraskande tipptopp ut, og me såg lyst på ferda vidare. Dagen etter tok me alt me ro, åt ein lang frukost før me kjørte til Walvis Bay der me vandra mållaust rundt, åt lunsj og fylte bilen med vatn og mat. Natta hadde me tenkt å tilbringa i bilen i nærleiken av Sossuvlei for å vakna tidleg og få me oss den berømte soloppgangen midt i eit av dei flottaste ørkenområda. Det gjekk ikkje heilt slik me hadde tenkt… Midt mellom Walvis Bay og Solitaire, midt ute i absolutt ingenplass med andre ord, streika nemleg cluthen på vår kjære polo. Her blei me ståande, smurte oss litt mat og fekk med oss ein nydeleg solnedgang.

Ragnhild sit på ein stien i ørkenland og lyg om situasjonen
Tydelegvis er det eit uvanleg syn med berre jenter på tur langs desse vegane, det gjorde nok at folk var ekstra ivrige på å hjelpe oss. Første bil som stoppa lova å komma tilbake for å slepa oss etter dei hadde funne ein plass å setje frå seg tilhengaren sin. Aller først ville mannen i bilen sjekke at problemet ikkje berre var jenter som sleit med bakkestart, men etter å ha fått dette konstatert var han veldig hjelpsam, og sidan me hadde lite airtime og dårleg dekning haldt han dialogen gåande med Sylvester som var veldig spent på korleis dette utfalt seg. Ute i ørkenfjella var det svart og stjerneklårt. Både ein time og to gjekk utan syn av ”slepebilen” vår, så stoppa ein raud pick-up og ein mann med bart og hans venn ville gjerne hjelpe fem jomfruer i naud. Det morosame her er at tidligare same dag hadde me den klassiske billeiken ’første mann til å sjå…’, og Solveig (ja, det er eg som ein gongs skuld forfattar eit innlegg her) utfordra til å sjå ein mann med bart i raud bil, coincident? I think not.
Uansett, mannen med bart fekk bilen vår til å gå framover igjen, og med tre av oss i poloen og resten i pick-upen kjørte dei oss til Solitaire, 100 km unna. Dette var andre gong på ein månad bartemannen, som forøvrig importerer lammekjøt til Noreg, hadde plukka opp jenter med ein kaputt bil frå Sylvester. Då me kom fram fekk me parkera (dvs skubba) bilen inne på campingområdet til Solitaire Lodge. Kall det flaks, eller namibisk venlegheit igjen; ikkje berre fekk me god hjelp, dusj og toalett, men hjelparane våre spanderte i tilegg øl og hjelpte oss å krangle til oss ein ny bil levert innan lunsj dagen etter.
Det blei lenge etter soloppgang, men me kom oss til Sossusvlei, fekk vandra i sanda til skoa våre var tre nummer for små, og fekk foreviga dei berømte motiva frå nydelege Deadvlei.
Nok ein ettermiddag/kveld med kjøring i mørket. Denne gangen var me ekstra forsiktig, med ein vegstandard me aldri har sett på film, og berre to medtrafikantar heile strekninga ville me helst unngå flate dekk. Me kom heilskinna fram til Hotel Maltahöhe, der innehavaren hadde bestemt seg for å oppgradera sovesalen me hadde bestilt til tre fine hotellrom – utan tillegg i pris. Jenter aleine på tur – namibisk venlegheit. Neste morgon kjem ein ung mann å spør om han kan skifta dekk for oss. Namibisk venlegheit. Tydelegvis hadde me pungtert likevel kvelden før og lufta sive ut om natta. Flaks.
Siste dag, og absolutt ingenting på programmet. Namibia er stort og det var langt til nærmaste attraksjon. Me opna guideboka til Kristine og kjørte til eit naturreservat for å sjå ein ’blue lake’, den var skittenburn. Men sidan me hadde betalt oss inn bretta me opp singleten og sola oss litt før me heiv oss i bilen og gjorde eit tafatt forsøk på drive-self rhino safari.
Halv ti om kvelden gjekk bussen vår tilbake til Cape Town frå Mariental. Denne staden er den raraste på heile turen. Eg veit ikkje kva eg kan sei utanom at me blei anbefalt Spar (ja, matbutikken) som ein fin restaurant…






virka som dåke hadde da heilt fantastisk kjekt!
SvarSlette` veldig misunneleg...
Klem Karoline ;)