torsdag 29. oktober 2009

BoKaap:)









Sorry lite innlegg for tida, vi har hatt mykje skule, men no e me endeleg ferdig. Berre eksamen igjen. Så satsa på at me klara og oppdatere bloggen meir framover.

På laurdag va eg (Ragnhild) og Katie turistar i Cape Town. Vi tok turen til Bo-Kaap, eit nabolag som er kjent for sine fargerike hus og folka som bur der sin multikulturelle bakgrunn.

Området ligger oppover Signal Hill. Så etter ein tøff tur til toppen (spesielt for meg) så fekk me ein nydeleg utsikt over byen. På toppen tok me oss ein pause på ein Malaysisk restaurant.

Bo-Kapp går også under namnet Malay Quarter. Under apartheid regimet vart nemleg distriktet erklært bustaden for muslimske malayere. I dag finner ein derimot folk frå heile verden her; India, Tyrkia, Madagaskar, osv. På grunn av områdets bakgrunn som eit muslimsk kvarter er det mange nydelege Moskear her, blant anna den første som vart etablert i Sør Afrika.

Meg og Katie forelska oss i ein mintgrøn Moske: Masjied Boorhaanol Islam. Den vart bygd i 1884, først i tre, men etter den vart øydelagt i ein storm vart den bygd opp igjen i betong. Det er den einaste Moskeen i Cape Town som er blitt erklært eit nasjonalt monument.

Me avslutta byturen på ein Indisk restaurant som hadde fantastisk god mat! Alt i alt var det ein fin tur, der eg endeleg fekk tatt mange bilde av Cape Town:)

1 kommentar:

  1. Høres ut som ein flott tur Raggi :) masse fargerike og gøye bygninga! klem frå karro ;)

    SvarSlett